Etter at Trønder-Avisa hadde en omtale av første minnemarkering ved statuen på Hustad 23. mars d.å., hadde Rolv Arne Solem, Svein Vestrum og Sigrid Bjerkan et innlegg i Inderøyningen fredag 6. mai. Blant annet gjaldt dette en korrigering ang. sted der den første engelskmannen falt under trefningene 21. april 1940, samt en «framsnakking» av Krogs som arena for fremtidige minnemarkeringer, slik jeg oppfatter det.

Uten å gå nærmere inn på saken, viser jeg til en artikkel som klokker og lærer på Sandvollan, Sverre Solem (far til Rolv Arne) skrev i «Kyrkjeblad for Inderøy Prestegjeld» i juni 1940, like etter de grusomme krigshendelsene på og ved Krogs 21. april samme år. Artikkelen ble gjengitt i «Kjerkblad for Inderøy» i juni 2020, 80 år senere. Nærmere fakta og innblikk i hva som skjedde her på Sandvollan på krigssøndagen mener jeg det må være vanskelig å komme.

Artikkelen er gjengitt fra Kjerkblad for Inderøy.

Kari Nikolaisen


Denne artikkelen vart skrive av lærar og klokkar Sverre Solem og stod i «Kyrkjeblad for Inderøy Prestegjeld» i juni 1940:

Krigssundag på Sandvollan

Sundag 21. april 1940. Ein dag mange her på Sandvollan vil kome til å seie slik om: Den uhuglegaste dagen eg har levd. Hermenn frå to av stormaktene i verda møttes den dagen til strid på liv og død i den vesle bygda, det ingen kunne ha drøymt om. Visst var her her krig i landet. Fly surra jamt over over ein om dagane, og dei hadde vel ikkje noko godt i sinne. Men her hadde dei nok ingen ting å gjera.

Her skulle vera messe i kyrkja på Heggstad. Kanskje just i slik ei vond tid var her fleire enn elles som kjende trong til å møtast i det heilage huset, om der kunne vera trøyst å finna for det urole hjarta.

Men dei som ikkje hadde greie på «siste nytt» og nådde fram til kyrkja, vart møtt med orda: «Her blir nok inga messe i dag». Den bodskapen spreidde seg fort at tyskarane var komne på bygda – frå Kirknesvågen til Sandvollan.

Fyrste staden tyskarane stansa på, var på Hembre. Der sat kona og tenestegjenta og mjølka om morgonen, da dei ikkje visste ordet av før det synte seg framande andlet ved kvart eit vindauga utafor. Og straks var det fullt av hermenn på garden. Det vart spørsmål etter hestar og køyrekar, og her nytta nok ikkje å nekta for nokon ting. Framover Nesset gjekk ferda, nessebyggene skjøna nok at det var kome uventa sundagsgjestar til bygda.

Tyskarane slo seg til på Gangstadgardane og øvre Hustad. Oppe på Gangstadhyllene og på Hustad hadde dei gode støde om engelskmennene skulle kome frå Sparbu. Serleg Hustad kyrkjegard såg dei seg hag på, bak den solide kyrkjeplanken.

Det var no garden Krogs det gjekk hardast ut over i krigen på Sandvollan. Engelskmenn rykte inn der og folka på garden vart bedne om å flytte straks. Nittiåringen Leonard Krogs hadde liten lyst til å fara der ifrå. Det var liksom så vanskeleg å skjøna at engelskmenn og tyskarar skulle til å slåss der, på denne fredelege staden som hadde vore heimen hans i alle år. Men det var nok på høg tid dei kom seg unna. Skytinga var i full gang, fly krinsa stødt over, og om ikkje lenge slo røyken opp frå husa.

Nokre timar etterpå var den vakre garden ein rykande ruinhop, berre sagbruket og eit tørkhus stod att. Ingen ting fekk dei berge ut, krøter og avling brann inne, m.a. 3 hestar og 14 mjølkekyr. Dessuten vart stova hennar Karoline, budeia, stygt medfaren av granatar og kuler.

Striden stod på utetter dagen, og da det leid mot kvelden tok folk nede i bygda på å flytta til stader som låg mindre i faresona. Bileta frå evakueringa i Finland i vinter hadde med eitt vorte levande. Det vart nok fullt hus somme stader utpå kvelden, men «flyktningane» var glade for at dei kom i hus på ein trygg stad. Sjølve den tingen at ein var så mange ilag, skapte tryggleik.

Men i halvmørke aprilkvelden står mang ein flokk og stirrer mot det logrende eldhav som raudnar mot himmelen over Steinkjer by. Ein og annan i flokken høyrer heime der inne, har måtta reist ifrå det, og kva ville ein no finna att av det?

Kor mange som vart drepne i striden ved Krogs, er vel ikkje så godt å veta. Etter at dei stridande hadde fare frå bygda, fann dei ein fallen engelskmann ved den nedbrende Krogsgarden, ein annan engelskmann var gravlagd i Krogsmarka tett attmed vegen. Dessutan hadde tyskarane gravlagt ein tysk gefreiter og ein engelsk soldat eit stykke ovanfor nedre Gangstad. Alle desse fire er no flytta opp til Hustad kyrkjegard der dei kviler i fellesgrav.

Sverre Solem, «Kyrkjeblad for Inderøy Prestegjeld» i juni 1940