(Trønderdebatt)

Det nærmer seg Økoveka 2022. I Trøndelag blir det om lag 40 arrangement og nesten det halve av desse er i norddelen Dette er den tiande økoveka i Nord Trøndelag der det heile starta i 2011. Heile landet deltar no. Korleis har så økolandbruk og økomat utvikla seg i denne 10-årsperioden, og korleis har Norge utvikla seg på Økofronten samanlikna med andre land i Europa? Under den første Økoveka i 2011 så var optimismen stor. I det første tiåret av det nye tusenåret hadde økolandbruket ei postiv utvikling som viste at om trenden heldt fram, så ville vi i Norge nå omtrent 20 prosent økologisk landbruk i 2020?

Men noko dramatisk skjedde i 2008/2009. Den internasjonale bankkrisa vart presentert i media i Norge slik at tendensen «Norge er billigmatlandet» vart enno meir forsterka. Få land i verden har innbyggarar som bruker mindre del av inntekta si på mat – omtrent elleve prosent. Norge er truleg også det landet i verden der vi kjøper største delen av maten i billigbutikkar og i varehus.

Medias framstilling av bankkrisa i 2008 gjorde at folks leiting etter billigmat på bekostning av helseriktig og kvalitetssikker mat vart forsterka. I tillegg må ein ta med at styresmaktene i land «som vi likar å samanlikne oss med» i stor grad ser på økomat som «førevar»-mat eller «sikringskost». Dette gjeld blant anna Østerrike, Sveits, Tyskland, Italia, Danmark og Sverige.

I Norge så seier matministrane som regel at «folk må få kjøpe den maten dei ønsker». Landbruksministrane frå «føre var-landa» dukker stadig opp på verdens største økomesse Biofach i Nürnberg kvart år i februar. I media har eg aldri sett at ein norsk minister har besøkt denne messa.

Derimot ser det ut for at norske toppolitikarar og landbruksministrar stadig er å sjå på Grüne Woche i Berlin. Dette er ei av verdens største industrimatmesser. Kvart år er det her massedemontrasjonar av opptil 60.000 øko- og småbønder som protesterer mot industrialiseringa av landbruket. Det synes også som at norske landbruksstyresmakter ser det som fornuftig å trekke norske lokalmat- og småskalaprodusentar inn i dette industrimatmiljøet heller enn å trekke dei til verdens største økomatmesse i Nürnberg.

Sidan toppåret 2011 har det godkjente økologiske jordbruksarealet i Norge gått ned med 85 200 dekar, eller 17 prosent – Frå 5,2 prosent til 4,2 prosent i 2021. Trøndelag hadde sitt toppåret i 2013 da 9,25 prosent av arealet var i økologisk produksjon.

Her er oversyn over kor stor del av landbruket som var økologisk i visse land i 2019: Austerrike 25,3 prosent, Estland 22,3 prosent, Sverige 20 prosent, Sveits 16,3 prosent, Tsjekkia, Italia og Finland omtrent 15 prosent, Danmark 10, 9 prosent og Norge 4,6 prosent. Berre åtte land i EU hadde lågare økoprosent enn Norge i 2019. Denne statistikken er det truleg få som er stolte av.

Fram til 2018 hadde Norge ei målsetting om 15 prosent økomat og økolandbruk. Solbergregjeringa tok bort denne målsettinga og gjorde til mål «å stimulere til økologisk produksjon som er etterspurt i markedet». Dette er nærmest det motsette av EU si nye målsetting frå 2021 om å nå 25 prosent økologisk i gjennomsnitt for EU-landbruket i 2030.

Politikarane i EU synes å sjå problema som industrilandbruket fører med seg og synes å ha klokkartru på dei fire grunnprinsippa for Økologisk landbruk:

  • Økologi: Økologisk landbruk skal bygge på levande økologiske system og kretsløp, arbeide med dei, etterlikne desse og hjelpe til å ta vare på dei.
  • Helse: Økologisk landbruk skal halde oppe og fremme helsa til jord, plantar, dyr, menneske og jordkloden som eit udeleleg heile.
  • Rettferd: Økologisk landbruk skal bygge på relasjonar som sikrer rettferd når det gjeld vårt felles miljø og høve til livsutfalding.
  • Varsomhet: Økologisk landbruk skal drives på ein ansvarleg og varsom måte for å ta vare på miljøet og ta vare på helse og velvære for vår og framtidige generasjonar.

Ein skulle tru at økoforkjemparane mister motet når ein les tala som er refererte ovafor. Men situasjonen er heilt motsett. Det skjer for tida – og har skjedd i dei siste åra – mange svært positive ting for økologitanken. Ifølge den mangeprisbelønte forskaren Sidsel Rogne skjedde det noko stort i 2013: Over halvparten av alle legane i verda skjønte brått i hovedsak betydningen av mikrolivet i tarmen. Eit utal forskingsrapportar og doktorgradsavhandlingar vart presenterte dette året med tema rundt mikrolivet i tarmen.

«Alle» forstod no at helsa og heile tilstanden til kroppen vår er heilt avhengig av det vi puttar inn i oss og forar mikrolivet i tarmen med. Noko tilsvarande skjedde innafor landbruket. I frå at det berre var dei «sære» økologane som hadde snakka om mikrolivet i jorda sin betydning for plantevelferd og vekst, så vart det i 2018 brått ein konkurranse mellom naturbruksskolane om å vera best på å styrke mikrolivet i jorda. Naturbruksskolane i landet konkurrerer no nærmest i å vera best på jordhelse, karbonbinding, bærekraft og mikroliv i jorda. Til og med uttrykket «regenerativt landbruk» som nærmest har vore eit fyord er no stadig å sjå brukt av landbruksrådgiving og naturbruksskolar.

Ein kan undre seg på: Når kjem politikarane etter? I juni 2022 kom den første boka til Norges mest populære matbloggar, Marit Kolby, ut: HVA og NÅR skal vi spise? Boka var utselt frå forlaget før ho var i sal i butikken og er no trykt i fleire opplag. MaritKolby er utdanna innen matvitenskap og ernæringsbiologi og underviser ved Oslo Nye Høyskole. Marit Kolbys spesiale er å samle vitskaplege artiklar og forsking og sette dette samen og publisere det. Utan at ho flagger det særleg høgt er hennes publisering ei sterk støtte til å sjå på økologisk mat som trygg og helseriktig mat.

Til alt overmål har noko merkeleg og interessant skjedd ved landets kanskje mest prestisjetunge universitet – NTNU i Trondheim. NTNU har tatt initiativ til å arrangere det første årlege Nordic Food Forum 21. til 23. september 2022 – tilfeldigvis ved starten av Økoveka. Arrangementet som er planlagt skal bli årleg, er no ein del av arrangementa i samband med at Trondheim og Trøndelag vann tittelen European region of Gastronomy in 2022.

Ifølge orienteringane er EU sin From Farm to Fork-strategi noko av inspirasjonen til og grunnlaget for Nordic Food Forum. Farm to Fork-strategien legg stor vekt på bærekraft/økologi og sirkulærlandbruk.

I denne positiva stemninga blir ØKOVEKA arrangert i tida rundt veke 39. Dersom lærarstreiken er over tidleg nok blir opningsarrangementet i norddelen av Trøndelag på Mære landbruksskole fredag 23. september. Om alt klaffer så vil over 200 matfag-elevar frå fire skolar lage og servere økologisk og bærekraftig mat til kvarandre og til andre seminardeltakarar.

Her vil økobonden Torsten Wetche frå Danmark fortelje om tankane bak og korleis det er muleg å drive økologisk melkeproduksjon med 110 årskyr utan å kjøpe meir enn én prosent av foret. 99 prosent produseres på garden. Torsten Wetches hovedidé er at om vi bruker alt foret som vi i dag sender gjennom industristorfe, kylling, svin og oppdrettslaks og gir det til mennesker så kunne vi fø langt fleire enn det vi klarer med dagens industrilandbrukssystem – og det vil vera svært ressurssparande.

Ann Kristin Wang frå Matvalget er instruktør for matlaginga og forklarer kva som er bærekraftig, god og helseriktig mat. Streetfood-linja på Sund folkehøgskole deltar. Økobonden Trond Helge Brandsæter fortel kva regenerativt landbruk er og foregangsbonde, urkornprodusent Cecilie Røli held appell. I Trondheim er det også opningsarrangement 23. september. Her er arrangementet på økokafeen Godt Brød på Solsiden.

Vel møtt til ØKOVEKA 2022.