I TA den 23. april står det at engelsk soldat falt på Hustadlandet i 1940. Slaget sto ikkje der, det var dit folk rømte for å komme seg unna slagmarka, og Hustadkjerka var tysk bastion.

«Bedre sent enn aldri», står det i avisa. Kven er det? Som har behov etter 82 år for ein soldat med gevær ved inngangen til Hustadkjerka, til plage for alle dei som har eit forhold til kjerka.

Minnemarkeringer, f.eks. i forbindelse med runde årstall, er arrangert ved minnelunden ved Krogs, der slaget sto. Bygdefok har stått på med musikk og anna bidrag og kulturkontoret har organisert. Engelske veteraner har deltatt.

Framande som søker informasjon finn dette i minnelunden, med kart og historikk på tavle om slaget og med steinbauta med namn på engelske soldatar som gav sitt liv der sundagen den 21. april i året 1940.


Rolv Arne Solem

Svein Vestrum

Sigrid Bjerkan